Lokal | 09. okt. 2019

Big Bite opnar ikkje i morgon

Kom ikkje i mål med bevillinga - no er opninga utsett på ubestemt tid.

Big Bite opnar ikkje i morgon
I dag tidleg var det meste klart til opning - no er opninga utsett på ubestemt tid. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 09. okt. 2019 16:23

– Vi må dessverre meddela at opninga av den nye Big Bite på Amfi Os blir utsatt på ubestemt tid.

Dette skriv markedssjef i Big Bite, Sebastian Johansen i pressemelding no i kveld.

– Årsaka er til utsetjinga er at Big Bite har vore litt seint ute med på senda over noko av dokumentasjonen i samband med søknad om serveringsbevilling.

– Dette har medført at at vi enno ikkje hatt fått bevillinga frå Os kommune. Vi har jobba iherdig for å få manglande bevilling på plass til opninga, men dette har til no ikkje latt seg gjera.

– Difor må vi dessverre utsetja opninga intil vidare.

– Vi veit at Big Bite over lengre tid har vore ønska i Os, og difor er det beklageleg at vi no må utsetja opninga. Mannskapet vårt har gjort ein utruleg god jobb med å ferdigstilla Big Bite på Amfi Os, varer er allereie på plass og butikken står klar til å ta i mot alle i og rundt Os. Difor er det ekstra synd at vi no, ikkje får opna slik som planlagd.

– Big Bite vil i ein slik fase påse at alle tilsette og franchisetakar blir ivaretekne. Vi er utruleg lei oss for denne situasjonen, men vi jobbar mot å få naudsynt bevilgning på plass som raskt som mogleg.

– Iveren og gleda over å kunna invitera til heile Os og omegn til ein flott åpningsfest er framleis like stor, avsluttar Johansen.

Senterleiar ved Amfi Os, Siri Ann Myhren Dalseide, seier i en kommentar til Midtsiden at ho natuleg nok er skuffa over at opninga no vert utsett.

– Det er leit at vi må venta, både på Bite Bite, og på kundane våre sine vegne. No håpar vi saman med Big Bite at denne saka vil løysa seg så snart råd er.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.