Lokal | 10. okt. 2019

Big Bite opnar likevel i dag

Bevillinga er på plass - opnar klokka 16.

Big Bite opnar likevel i dag
Butikksjef hos Big Bite Amfi Os, Margrete Kvalheim, får likevel gleda av å opna restauranten i dag. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 10. okt. 2019 13:44

I går kveld vart det klart at den nye Big Bite restauranten på Amfi Os ikkje kom til å åpna som planlagd i dag.

Ei manglande bevilling var årsaka.

No klokka 15.30 kom dei ei ny pressemelding frå Big Bite - restauranten opnar klokka 16 i ettermiddag.

Godt samarbeid leia til opninga

– Dei siste 12 timane har Big Bite og Amfi Os jobba saman med Os kommune for å få serveringsbevillinga på plass, skriv markedssjef i Big Bite, Sebastian Johansen.

– Alle partar har vore innstilt på å få bevillinga på plass, og no køyrer vi ei førehands-opning i ettermiddag og i kveld, før vi slår til med ein storslått opningsfest i morgon, fredag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.