Lokal | 15. jan. 2020

Bil, båt og brygge i og under vatn

Uvêret «Didrik»: Stille stormflo i Os hamn.

Bil, båt og brygge i og under vatn
Innringar til brannvesenet frykta at denne bilen skulle flyta opp og hamna på Oselvo. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. jan. 2020 02:17

Bildeserie:

HC-brygga i Landboden eit kvarter før full flo. (Foto: KVB)
HC-brygga i Landboden eit kvarter før full flo. (Foto: KVB)
Brugata på full flo kl 01.46. (Foto: KVB)
Brugata på full flo kl 01.46. (Foto: KVB)
Bak bankbygget. (Foto: KVB)
Bak bankbygget. (Foto: KVB)
Handlegården. (Foto: KVB)
Handlegården. (Foto: KVB)
Peppes gjekk klar. I morgon blir det ikkje like stille i hamna. (Foto: KVB)
Peppes gjekk klar. I morgon blir det ikkje like stille i hamna. (Foto: KVB)
Brygge med ein twist. (Foto: KVB)
Brygge med ein twist. (Foto: KVB)
Låg høgde på sjøfront-brygga. (Foto: KVB)
Låg høgde på sjøfront-brygga. (Foto: KVB)
Den eine brygga i Oselvarhopen var under vatn. (Foto: KVB)
Den eine brygga i Oselvarhopen var under vatn. (Foto: KVB)
Gjestebrygga innanfor moloen på Steinneset. (Foto: KVB)
Gjestebrygga innanfor moloen på Steinneset. (Foto: KVB)
Brannvesenet på plass i Brugata. (Foto: KVB)
Brannvesenet på plass i Brugata. (Foto: KVB)
... men då var tidevatnet på retur. (Foto: KVB)
... men då var tidevatnet på retur. (Foto: KVB)
Ein båt fortøydd på Hatvik gjekk ned i natt. (Foto: KVB)
Ein båt fortøydd på Hatvik gjekk ned i natt. (Foto: KVB)
1 av 12

På dagtid tysdag var det 171 cm høg vasstand i Os (sjå video), på full flo klokka 01.46 natt til onsdag var vasstanden meldt til 196 cm.

I Mobergsvikjo var stupebrettet så vidt over vatn, i den nyare marinaen innanfor moloen har minst to av flytebryggene stramme kjettingar til land, og inste del av den eine brygga hadde vridd seg.

Fleire bilar blei ståande i vatn

I Brugata gjekk vatnet forbi restauranten Ilya i Buggegården, og inngangsdøra til tannlegane i Handlegården - men ikkje heilt til Aktiv 365 si dør, slik vi såg for rundt 10 år sidan (då Posten leigde i lokalet).

Trass fleire åtvaringar var det likevel fire parkerte bilar på kaien, og kanskje nokre i det nye garasjeanlegget, og brannvesenet fekk bekymringsmelding.

– Sjøen er på veg ned no, og vatnet står berre til hjula. Innringar frykta at nokre av bilane skulle bli skadd eller flyta ut på elva, fortel utrykkingsleiar Morten André Moberg i 2-tida.

Båt gjekk ned i Hatvik

Klokka 02.20 kom det melding om ein båt som har gått ned på Hatvik.

Båten låg fortøydd, ifølgje meldar var det berre baugen som stakk opp.

Kan bli verre onsdag

I morgon er det full flo klokka 14.00 i Os.

Då skal vasstanden vera 4 cm lågare enn i natt, men vindstyrken skal opp i 7-9 m/s mot blikkstille i natt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.