Lokal | 04. mai 2009
Bil i autovernet
Ein bil med tre passasjerar hamna i autovernet ved Irgenskrysset måndag kveld. Éin person er skadd. (Oppdatert)


Kjetil Vasby Bruarøymåndag 04. mai 2009 22:12
Måndag klokka 20.31 hamna ein Mercedes i autovernet ved Irgenskrysset på Nore Neset.
- Det var fire personar i bilen. Éin av dei meldte frå om smerter, men vi kjenner førebels ikkje til kor store skadane er, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Preben Wallestad.
Bilen tok med seg fleire meter autovern, som sperra delar av vegbanen etter ulykka. Dette er no rydda vekk.
Politiet opprettar sak på uhellet, men det er verken mistanke om promillekjøring eller tatt beslag i førarkortet til den 18 år gamle guten som kjørte.