Bil i busskur
Ein bil har køyrd i busskuret i Mobergsbakkane. Ingen skal vera skadd.
Rett før klokka 15 tysdag formiddag køyrde ein bil inn i busskuret i sørgåande retning i Mobergsbakken vis av vis Midtskogvegen, like ovanfor Oseana.
– Politi, brannvesen og helse er på staden no. Det skal ha vore to personar i bilen, fortel operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt.
Ingen skadd
Operasjonsleiar fortel at det skal ha gått bra med dei to involverte.
– Det er tilsynelatande ingen personskade. Det er heller ingen trafikale problem på staden, då bilen står utanfor vegen.
– Det skal heller ikkje vera noko brann, men brannvesenet er på staden for å ta hand om eventuelt oljesøl, fortel politiet.
Årsaka til ulykka er førebels ikkje kjend.