Lokal | 30. mai 2010

Bil kolliderte med MC

Ei kvinne mista førarkortet etter at ho i dag kolliderte med ein motorsykkel på Hatvikvegen.

Bil kolliderte med MC
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 30. mai 2010 14:43

Sundag klokka 12.24 rykte brannvesen, ambulanse og politi ut til krysset mellom Hatvikvegen og Solstrandsvegen.

- Motorsykkelen skal ha kjørt retning Hatvik då ein bil som kom motsett veg svingte inn mot Solstrand, fortel varabrannsjef Arne Monsen.

MC-føraren, ein mann i 30-åra, blei kjørt vekk i ambulanse, men med lettare skader. Han skal ha vore godt kledd, noko som truleg har spart han for større ulempe med samanstøyten.

Føraren av personbilen, ei eldre kvinne, blei ifølgje bt.no fråtatt førarkortet.

Brannvesenet fekk ein del ryddearbeid, då det var bensin- og oljelekkasje frå motorsykkelen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.