Motorsykkelen fekk store skader i samanstøyt med bil i krysset mellom Idrettsvegen og Byvegen i kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Bil kolliderte med MC

Ein motorsyklist er henta med ambulanse etter kollisjon i krysset mellom Byvegen og Idrettsvegen.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Ein bil har kollidert med ein motorsykkel i krysset mellom Byvegen og Idrettsvegen.

Meldinga om ulykka kom klokka 18.25.

– MC-førar er bevisst, opplyser politiet via Twitter.

Dei følgjer seinare opp med å fortelja at han blir køyrd til Bergen legevakt for sjekk. Vedkomande er ein mann i 30-åra.

Kolliderte med bil

Eit vitne på staden seier motorsykkelen kom på Byvegen retning Os då ein bil køyrde ut frå Idrettsvegen.

OPPDATERT: Bilførar er ei kvinne i 40-åra. Det er tatt beslag i førarkortet hennar.

Bilen skal ha fått ein mindre bulk, motorsykkelen ligg på asfalten med større skader.

MC-førar låg i vegen mens Midtsiden var på staden, men blei tatt inn i ambulanse.

Skadeomfang og årsak er førebels uvisst, men om vitnet har skildra episoden rett hadde bilen vikeplikt.

Eigar av motorsykkelen bur i Bergen, men vi veit ikkje om det var eigar som køyrde sykkelen.

Brannvesenet dirigerer trafikken på staden, som er open i alle retningar, men med redusert flyt.

Fleire saker