Bil og sykkel kolliderte
Ein bil og ein syklist kolliderte i Askvik. Luftambulansen blei tilkalt.
Rett etter klokka 15 måndag ettermiddag meldte politiet om ei trafikkulykke på fylkesveg 160 mot Strøno. Ulykka skjedde like ved krysset ned til Askvik brygge.
– FV160 Aksvik - kollisjon mellom bil og syklist. Politi på stedet. Ambulanse og luftambulanse på veg. Syklist skadd, meldte operasjonssentralen til Vest politidistrikt på tvitter.
Tatt hand om i luftambulansen
Eit vitne Midtsiden har snakka med fortel at syklisten blei tatt ombord i luftambulansen på båre.
– Syklisten klager over smerter i rygg og føtter, og han har mest sannsynlig eit brot i låret. Han skal vera bevisst og stabil, seier operasjonsleder Hans-Eirik Thue ved Vest politidistrikt til BT.no
Vegen var ei lita periode stengd, men opna igjen klokka 15.35.