Lokal | 21. sep. 2018

Bil stolen på Drange

Politiet ber om tips.

Bil stolen på Drange
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. sep. 2018 08:32

Torsdag i 14-tida blei det oppdaga at ein bil er stolen frå Drange.

– Bilen er ein grå Mitsubishi L200 pickup, fortel politibetjent Kjetil Hansen.

Bilen sto parkert utanfor ei verksemd på Drange då den blei tatt.

– Det er ikkje så mange slike bilar i Os. Vi er interessert i tips om nokon ser bil som passar skildringa over.

Det var ikkje skilt på bilen då den blei stolen, men politiet ser ikkje vekk frå at dei som har tatt den har skrudd på skilt frå ein annan bil.

Uboden gjest gjekk frivillig frå staden

Torsdag i 22-tida fekk politiet melding om uønskt gjest i ein bustad i Os nord.

Ein mann meldte frå om at ein annan mann, som kom til staden, ikkje var velkomen der. Ein patrulje køyrde ut, og då fjerna mannen seg.

I løpet av torsdagen blei ein bil stoppa av politiet. Bilen var ikkje EU-godkjent, og blei avskilta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.