Brannvesenet sperra vegen medan ein fekk fjerna vraket frå plassen (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Bil i stolpe - førar er sakna

Ein bil køyrde utfor på E39 på Røykenes søndag ettermiddag. Bilføraren stakk frå staden. (Oppdatert)

image
image
image
Av: Andris Hamre

Søndag i 16-tida skjedde ei trafikkulykke på E-39 ved Røykenes.

Etter det Midtsiden kjenner til skal ein bil skal ha køyrd utfor vegen og rive med seg ein stolpe.

– Os. Byvegen. Trafikkulykke. Politi, ambulanse og brannvesen på veg, meldte 110-sentralen på Twitter.

Ein Midtsiden-tipsar møtte politiet og ambulansen ved Storestraumen, men opplyste samstundes at det var mogleg å passere ulykkesstaden i begge retninger.

Søkjer etter bilføraren

Dette endra seg etter at nødetatane kom til staden og starta redningsarbeidet. I følgje Google Maps gjekk det treigt og var delvis stans.

– Vraket er nettopp fjerna og trafikken opna i begge retninger att klokka 18. Politiet søkjer framleis med hund etter føraren, fortel Midtsiden sin mann på staden.

Klokka 18.13 gjekk politiet ut med følgjande melding på twitter:

«Vest pdi har iverksatt en redningsaksjon etter en mann som var involvert i en trafikkulykke på Røykenes, Søfteland ca kl 1600. Mannen løp til skogs. Politiet ønsker å komme i kontakt med mannen for å forsikre oss om at alt står bra til med han.

Mann er i 40 årene, kraftig kroppsbygning, sort caps, sort jakke, dongribukse. Politiet ber om at personer som har opplysninger i saken om å ringe.»

OPPDATERT: Søket er avslutta

Fleire saker