To bilar og ein lastebil kolliderte
Torsdag formiddag kolliderte to bilar og ein lastebil i krysset ved Hagavik Hjemmebakeri.
Klokka 11.23 fekk naudetatane melding om ei trafikkulykke på Lepsøyvegen ved nr 84.
– Lastebil og to personbilar har kollidert. Det er trafikale problem, meldte operasjonssentralen på twitter.
Ambulanse, politi og brannvesen rykte ut til staden og fekk raskt flytta bilane ut av vegen og inn på parkeringa ved Hagavik Hjemmebakeri kor ulykka skjedde.
– Kun mindre materielle skader, meldte 110 Hordaland etter kort tid.
Vegen blei raskt opna igjen.
Ulykka skjedd då lastebilen skulle svinga inn til heimebakeriet og ikkje såg den motgåande bilen som kom frå Øyane. Bilen blei så dytta inn i ein annan bil som var på veg ut frå parkeringsplassen.
Føraren av bilen som kom frå Øyane, ein eldre mann, blei sittande fastklemt i bilen, men vitner på staden fekk mannen raskt ut av bilen. Verken han, eller dei andre involverte, skal ikkje ha fått alvorlege skader.