Lokal | 02. sep. 2009

Bilbrann nær hus

Takrennene smelta medan bileigaren prøvde å sløkkja med hageslange. Brannvesenet kom akkurat tidsnok fram til at husbrann blei hindra.

Bilbrann nær hus
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. sep. 2009 22:14

- Brannen starta medan eigaren heldt på å skru på den. Bilen sto parkert tett med bustaden, og det gjorde det heile meir dramatisk, seier varabrannsjef Arne Monsen.

Med to pulverapparat og hageslange prøvde eigaren både å sløkkja og hindra brannen i å spreia seg til huset.

- Då vi kom fram sto bilen framleis i flammar. Takrennene var smelta og eit vindauge hadde sprukke. Hadde det blitt hol i vindauget ville nok flammane stått inn i huset, seier Monsen.

Politi og brannvesen rykte ut til Thuen i 19.45-tida. Brannen blei sløkt raskt og ingen kom til skade.

- Vi vinsja vekk bilen etter at den var sløkt. Også ein skuter blei totalskadd i brannen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.