Lokal | 25. okt. 2012

Bilen "hoppa" av ferja

Medan kvinna skulle kjøra av ferja blei kjørebrua løfta. I tillegg fekk ho bommen i taket.

Bilen "hoppa" av ferja
(Arkivbilde frå Halhjem ferjekai, foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. okt. 2012 22:31

Torsdag i 14.30-tida fekk ei kvinne på veg ut av ferja Boknafjord ei spesiell oppleving.

Ho skulle kjøra av ferja på Halhjem, som første bil på land, men så blei kjørebrua, metallflaket som ligg mellom ferja og kaien, løfta opp medan ho var på veg i land.

Bilen hoppa ned på kaien og der var bommen på veg ned, så den trefte bilen i taket.

– Det virka nærmast som bilen datt ned på land, seier Nils Abrahamsen til sunnhordland.no.

Abrahamsen sat i ein bil rett bak den første bilen.

Årsaka til at kjørebrua blei løfta er at mannskapet merka at ferja ikkje låg skikkeleg inntil kaien.

Ferja måtte gå litt ut før ho kunne kjøra inntil igjen, derfor løfta dei kjørebrua, dessverre utan å sjekka at det ikkje var bilar på den.

Bilen blei litt skadd, men ikkje verre enn at den kunne kjøra vidare. Fjord1 tar ifølgje BT.no på seg reparasjonskostnadane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.