Bilførar stoppa med 1,04 i promille
Den rekordvarme helga gav politiet eitt og anna å hanskast med: uvettig køyring med vannskuter og båt, bilpassasjerar med tablettar og hasj, promillekøyring og taxikunde utan pengar.
Politioverbetjent ved Os lenmannskontor, Anne Lyssand, fortel om ei helg med mange meldingar om fyll og uvettig køyring med båt og vannskuter;
– Fredag ettermiddag fekk vi meldingar om tullekøyring med vannskuter i Vargavågen. Like etter kom det melding frå Hauglandsjøen kor meldar var redd at uvettig køyring med båt ville enda i ei ulykke.
Natt til laurdag fekk vi to meldingar om personar som var overstadig rusa i Os sentrum. Den eine saka løyste seg ved at kompisar tok ansvar og fekk karen heim i seng, og i den andra saka kom karen seg heim for eiga maskin.
– Vi fekk òg melding om ein høglytt ungdomsfest, og her vart det ro etter at vi tok kontakt med vertskapen.
Tablettar og hasj
Like etter klokka 6 laurdag morgon vart ein bil stoppa for kontroll i nærleiken av Os sentrum. Føraren av bilen hadde alt på stell, men dei to passasjerane fatta politiets interesse;
På den eine passasjeren, ei kvinne fødd i 1999, vart det funnen tablettar ho ikkje hadde resept på. Ei ransaking i heimen til den andre passasjeren, ein mann fødd i 1988, førte til beslag av ei brukardose hasj, fortel Lyssand.
– Det er oppretta sak på begge tilhøva, fortel Lyssand.
1,04 i promille
Søndag morgon kom politiet over ein bil like utanfor Os sentrum.
Bilførar, ein utanlandsk mann i 40-åra blåste til 1,04 i promille.
Lyssand fortel vidare at mannen vart teken til legevakt for utvida blodprøve. Bilføraren venta for tida på å få erstatta det utanlandske førarkortet sitt med eit norsk førarkort.
– Denne prossessen vert no stoppa, fortel Lyssand.
Ville ha gratis taxi frå Bergen til Os
Like etter halv ti søndag vart politiet kontakta av ein taxi med ein passasjer som ikkje kunne gjera opp for seg.
Passasjeren, ei kvinne, hadde teke taxi frå Bergen til Os, og vel framme ville ho ikkje gjera opp for seg.
– Dette er ei kvinne som er kjend frå liknande tilhøve før, seier Lyssand. Vi har oppmoda taxi-eigaren om å melda tilhøvet.
Søndag ettermiddag kom det òg melding ein bilbrann i Skeismyra.