Biljakt enda i Os
Rusa mann i stolen bil bulka politibil i forsøk på å stikka av.


Ei biljakt som starta i Fanavegen klokka 02.40 i natt enda med utforkjøring på Os vidaregåande skule sitt område seinare på natta.
- Politiet la seg etter bilen fordi den var meldt stolen 7. januar, fortel operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Ragnar Lyssand.
Biljakta skal ha kome seg vekk, men blitt funnen igjen, fleire gongar i løpet av natta. Den skal ha gått i om lag same fart som fartsgrensa, som for eksempel over Fanafjellet er 80 km/t.
Ved Ulven møtte Os-patruljen opp, og prøvde å stoppa mannen i den stolne bilen ved å stilla patruljebilen på tvers. Føraren av den stolne bilen pressa seg forbi og støytte i politibilen i front for å koma seg forbi.
- Biljakta heldt fram til Kolskogen, der mannen svingte inn på Os vidaregåande skule sitt område. Der skal den ha kjørt litt rundt før den hamna i grøfta.
Den 34 år gamle mannen som kjørte bilen skal ha vore åleine i den stolne toytaen. Han blei ikkje skadd.
- Han er mistenkt for kjøring i rusa tilstand, og for tjuveri av bil. I tillegg var det noko vi trur er tjuvgods i bilen. Føraren er ikkje frå Os, opplyser Lyssand.