Kultur | 14. apr. 2011

Billettsalet startar fredag

Fredag klokka 09.00 startar endeleg billettsalet til arrangementa i Oseana.

Billettsalet startar fredag
Andris Hamretorsdag 14. apr. 2011 12:01

Arve Tellefsen, Carte Blanche, Vamp og den heilt nye folkeoperaen ”Havfest” er blant aktørane opningsveka.

- Vi lanserer nye nettsider i morgon. Frå klokka 9 blir det mogleg å sikra seg billettar via oseana.no, fortel direktør Kim Kristoffersen.

- Det er kun 100 billettar til åpninga av Oseana-salen, og folkeoperaen ”Havfest” blir berre vist i 4 dagar, så eg anbefalar folk å slå til tidleg om dei vil ha med seg denne historiske hendinga, seier Kristoffersen.

Smakebetar frå HavFest

Fredag kan du òg få smakebetar frå HavFest, då det musikaske Gurifolket og dei tre Havborna legg turen til AMFI Os for å visa litt av HavFest-verda.

Dette vert den fyste offentlege opptreden frå ensemblet bak HavFest.

Nest største scenen i Hordaland

Oseana Kunst & Kultursenter får Hordaland sin nest største scene når senteret opnar 17. juni.

I tillegg til konsertar, opera og dans vil dei besøkande få store kunstopplevinger.

Kunstsamlinga til Per Grieg sr. som skal visast permanent i Oseana, inneheld maleri frå mellom anna Edvard Munch, Tidemann, Gude og J.C. Dahl.

- Eg håper og trur at mange osingar tar turen for å sjå dei vakre bilda.

- I tillegg håper eg sjølvsagt på at bergensarar og andre vestlendingar tar turen til Os. Vi kan by på store kunstopplevingar, gode kulturopplevingar og nydeleg mat i vakker natur, lover Kristoffersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.