Lokal | 09. okt. 2009

Billigare pendling

Fylkestingets fleirtalskoalisjon går inn for å redusera billettprisen på pendlarbussar.

Billigare pendling
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. okt. 2009 10:20

Det blir billigare å vera pendlar frå omegnskommunane til Bergen. Fylkestingets fleirtalskoalisjon FrP/KrF/H går inn for å redusera billettprisen på pendlarbusser og "Snarveien".

- Dette er eit løft for å gjera det meir fordelaktig å velja kollektivt framfor privatbilen til jobben, seier gruppeleiarane for partia i ei pressmelding i dag.

Endringa går ut på at ein tel éi sone mindre enn før på reiser over bygrensa. Endringa vil få verknad for dei som reiser lengre enn to sonar.

15 prosent billigare
I ei liste over eksempel på prisendringar ser vi at prisen frå Os til Bergen er redusert med 11 prosent på månadskort og 15 prosent på enkeltbillett.

Månadskort skal kosta 640 kroner, mot 720 i dag, enkeltbillett skal kosta 40 kroner mot 47 som reisa i dag kostar. Prisendringane trer i kraft frå nyttår (01.01.2010).

- Når vi tar med det at prisane har vore fryste i 5-6 år er den reelle prisreduksjonen endå høgare, seier ordførar i Os, Terje Søviknes (Frp) til Midtsiden.no.

Resultat av anbod
For mange pendlarar betyr endringane i pris at dei i praksis vil betala for éin måned mindre enn i år. Redusert pris for ein pendler frå for eksempel Os til Bergen vil vera 960 kroner i året, ved kjøp av 12 månadskort.

- Frå Frp og Høgre saman med Krf kom i posisjon i fylket i 2003 har vi jobba med å setja kollektivtilbodet ut på anbod. Først tok vi snøggbåtane, nå har anbodsinnføringa på buss gjeve gevinst, seier Søviknes om finansieringa av prisreduksjonen.

- Kor tid blei kollektivtransport Frp sitt satsingsområde?

- He, he. Vi meiner det er viktig å ha eit reelt alternativ til bil, der trafikkgrunnlaget er stort nok, og det er det inn og ut frå Bergen sentrum.

Same pris for ungdom
Verknaden av dette tiltaket er størst for dei som pendlar der det er mest kø, og størst miljøproblem. Håpet er at dette skal gje gevinst miljømessig ved at fleire tar buss til jobben.

Satsingen på billig buss og kollektivreiser for ungdom held fram ved at partia i posisjon går inn for at ungdomskortet ikkje får prisauke, dette kortet skal framleis kosta 295 kroner per månad.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.