Lokal | 16. sep. 2009
Biltur enda i boks
Ei kvinne hamna utfor vegen på Moberg i ettermiddag. I grøfta tok bilen med seg ein el-boks.


Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. sep. 2009 19:44
Klokka 18.53 fek politiet melding om utforkjøring på Moberg, retning rundkjøringa ved Kuvågen frå Os.
- Kvinna som kjørte var åleine i bilen, og ho skal vera uskadd, seier operasjonsleiar Nordstrand i Hordaland politidistrikt til Midtsiden.no.
På veg ut i grøfta har bilen snitta ein stolpe, utfor vegen kjørte den ned ein boks, men dei elektriske kablane som sto inn i boksen såg ikkje ut til å ha roke.
Bilen står heilt utfor vegen og skapar ingen trafikale problem. Men politiet må nok stoppa trafikken når bilen skal tauast på vegen igjen.