Lokal | 07. juni 2010

«Bilulykke» på Ulven

- Ein MB med hengar har kollidert med ein sivil bil.

«Bilulykke» på Ulven
Andris Hamremandag 07. juni 2010 07:43

Om lag slik var meldinga dei unge rekruttane på øving på Ulven fekk i helga.

Dei skulle så rykka ut og hjelpa de skadde. Det dei ikkje visste var at hengaren hadde «giftig» last og at dei måtte passa på å sikre seg sjølv òg.

I tillegg kunne «fi» lura i buskane så her var det mange omsyn å ta. Laget som fekk oppgava klarte å passa på det meste.

Halvanna døgn
- I helga er det ei gruppe på vel 20 mann vi har her oppe på øving, fortel orlogskaptein John-Fredrik Honningsvåg.

- Dei blei vekt klokka fem laurdag morgon og skal nok halda på til godt utpå sundagen. Dei har etablert leir kor dei skal passa på eit «objekt», seier Honningsvåg.

Inn til leiren hadde soldatane sett opp kontrollpost kor alle som ville passera blei kontrollerte. I tillegg hadde dei rigga seg til med skytestillingar i dei retningane dei kunne tenka seg at fienden ville koma frå.

Då Midtsiden var på besøk var det stille og roleg i leiren, men kjenner vi forsvaret rett varte det nok ikkje så lenge før soldatane fekk noko å bryna seg på.

Mannskapa som blei øva i helga tjenestegjer til vanlig som stabssoldatar ved Haakonsvern.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.