Bjarte Haugsdal (t.h.), her i kamp for Os i 2008, blir Stabæk-spelar i 2012. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Bjarte er Stabæk-spelar!

- Bjarte Haugsdal speler for oss frå no av, seier sportsleg administrativ leiar i Stabæk, Inge André Olsen, til Midtsiden.no.

Av: Andris Hamre

Då Midtsiden kontakta Bjarte Haugsdal onsdag fortalte han at det berre sto igjen småting før ein avtale med Stabæk var klar.

På telefon frå Italia fortel sportslig administrativ leiar i Stabæk Inge André Olsen at dei er einige med Bjarte og agent Stig Lillejord.

- Vi har stadfesta avtalen per mail, men ikkje fått signert den enno av den enkle grunn at eg er her nede, fortel Olsen.

- Så hyggeleg. Eg var vel eigentleg klar over det, men kunne ikkje seia noko før klubben uttalte seg, seier Bjarte når vi ringer opp igjen etter å ha snakka med Olsen.

Spennande i relasjon med Hedenstad

Inge André Olsen fortel at dei vil bruka Bjarte som kantspelar, men òg som spiss om det trengs.

- Bjarte er ein god og rasjonell spelar som vi ser for oss å vera med å balansera laget.

- Han er strukturert offensivt og defensivt og ikkje ein kantspelar som berre flyg fram og tilbake. Han veit kva som ligg i rolla hans og korleis han skal løysa den.

- I tillegg har han bra fart og ein god innleggsfot.

- Vi trur relasjonen med Bjarte og Vegard Hedenstad kan bli veldig spennande, fortel Olsen.

Godt å trena med eit lag

Bjarte har sidan han avslutta samarbeidet med Brann trent mykje på eigahand.

- Formen er grei den, men det skal bli godt å koma i rytmen med å trena saman med eit lag igjen.

- Det har blitt ein god del eigentrening med og utan ball i tillegg til løpeøkter, fortel kantspelaren.

Sulten gjeng

Den gamle Os-spelaren fortel om eit godt miljø og ein fin gjeng i Stabæk.

- Det er ein gjeng med masse svoltne spelarar og eit godt utviklingsmiljø. Eg er veldig nøgd med klubben, seier Haugsdal.

Spelte mot Hønefoss

Tysdag spelte han to av fire omgangar då Stabæk spelte 0-0 mot Hønefoss.

- Det var ein litt annan type kamp i og med at vi spelte fire gongar 20 minutt.

- Fokus i kampen var det defensive. Noko eg synes vi løyste bra.

Haugsdal fekk prøva seg i begge rollene Inge André Olsen ser for seg då han spelte ein omgang på kanten og ein omgang som spiss.

Han har var òg med då Stabæk tapte 2-4 mot Start i sluten av januar.

Fredag ventar ny kamp mot Kongsvinger før turen går til La Manga og treningsleir på tysdag.

 

Fleire saker