Sport | 09. feb. 2009

«Bjarto Haugsdalo» spelte frå start

Bjarte Haugsdal har nesten blitt spansk. I dag spelte han sin første G19-landskamp.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. feb. 2009 09:11

Brann, landslaget, klassen og så Brann igjen, Bjarte Haugsdal blir i Spania i 7 av dei første 11 vekene i 2009.

- Laurdag 31. januar kom eg heim etter to veker i Marbella med Brann, 7. februar reiste eg til La Manga med G19-landslaget. Om ei veke skal eg møta klassen (frå fotballgymnaset i Åsane) i Malaga, og så kjem Brann til Malaga, fortel «Bjarto Haugsdalo».

Dei fleste her heime er nok ferdig å måka snø når Bjarte kjem til Noreg igjen 11. mars.

- Får du gjort anna skulearbeid enn fysisk fostring medan du er på reise?

- Eg prøver når eg har ledig tid, men med to økter for dagen blir det ikkje så ofte. Nokre fag er lettare å få undervising i, enn å lesa seg til sjølv, seier Bjarte og nemner økonomibøkene som eksempel på dei som er vanskelegast å ta opp av skulesekken.

- Kva saknar du mest når du er på tur?

- Kjærasten min. Og norsk mat. Eg blir fort lei av hotellmaten.

I dag spelte Bjarte, som gjekk frå Os til Brann før sesongen, landskamp mot Sverige.

- No har vi blitt eitt år eldre, og dette var vår første kamp med gutar 19-landslaget, seier Brann-spelaren, som spelte frå start.

- Eg blei skadd i andre omgang, eg trakka over og måtte av banen 63 minutt ut i kampen.

Sverige hadde då både føringa og leiinga, men Anders Konradsen (74.min), Jo Inge Berget (83.min) og (86.min) sørgja for 3-1-siger i den første av tre kampar i den internasjonale turneringa denne veka.

Onsdag møter Noreg Portugal, fredag står Polen for tur.

- Skaden i foten er ikkje alvorleg, eg satsar på å bli klar til onsdag, seier Haugsdal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.