Lokal | 31. aug. 2019

Bjørnafjorden Høgre - om eigen politikk

Lesarinnlegg: Bjørnafjorden Høgre vil vidareføra det beste frå begge kommunane i den nye Bjørnafjorden kommune.

Bjørnafjorden Høgre - om eigen politikk
Frå Bogøy i Fusa. (Foto: Bjørnafjorden Høgre)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighlørdag 31. aug. 2019 07:29

I lokalavisa og i ulike sosiale media finn vi no mykje interessant lesing om Bjørnafjorden Høgre. Ført i pennen av representantar for ulike andre politiske parti. Dette gjev oss i Høgre ein fin anledning til å følgja opp, og sjølv fortelja om politikken vår. Om kva vi vil gjera dei neste fire åra, dersom veljarane gjev oss tillit.

Behov for endring

Samtlege parti, utanom Høgre og FrP,talar varmt om at det no er behov for ei endring. Eit skifte i politisk leiing.

Det dei fleste ser ut til å ikkje ta innover seg, er at det faktisk blir ei stor endring frå 01.01.2020. Os og Fusa kommunar vert då historie.

Politikarane som vert innvalde til det nye kommunestyret i Bjørnafjorden vil få ein heilt ny politisk kvardag. Ulike partipolitiske kulturar skal finna saman og utformast, og det nye kommunestyret skal i fellesskap byggja ein ny og framtidsretta kommune.

I Høgre har vi arbeidd med felles partikultur sidan starten på 2018. Som gruppeleiar for Fusa Høgre kan eg gje ros til partifeller som er busett i Os. Dei har vist stort engasjement i forhold til å bli kjent med Fusadelen av Bjørnafjorden. Det er ikkje tilfeldig at kvar andre eller tredje listekandidat på Høgrelista er Fusing.

Kommunebarometeret - styrkar og svakheiter

Bjørnafjorden SV har merka seg at Os og Fusa har lave score på ein del område ifølge kommunebarometert. Dette er heilt rett observert. Vi i Høgre har også merka oss dette, ikkje berre i denne siste rapporten.

Det som verkeleg er interessant med desse målingane, er ulikskapen i dei to kommunane. Os og Fusa har nemleg sine styrkar og svakheiter på litt ulike område. Det vi har lukkast best med i Fusa har dei større utfordringar med i Os, og omvendt.

For oss i Høgre er dette eigentleg hyggeleg lesing. Vårt mål er nemleg at Bjørnafjorden skal klara å vidareføra det beste frå begge kommunane slik at innbyggjarane får oppleva at tenestene blir like gode eller endå betre i ny kommune. Dette klarer vi sjølvsagt ikkje åleine. Vi treng drahjelp frå alle parti for å lukkast med dette.

Heiltidskultur

Vi kan også lesa at antal deltidsstillingar i kommunen er noko som blant anna vi i Høgre ikkje verkeleg ynskjer å gjera noko med. Dette er heilt klart feilinformasjon om partiet vårt. Vi har programfesta at vi skal arbeida målretta for ein heiltidskultur – ved å tilby 100% stillingar! Og dette er ikkje noko vi berre har på programmet. Det er ei viktig sak.

Høgre i Fusa har saman med dei andre partia vore ein ivrig forkjempar for heiltidskultur i kommunen gjennom mange år. Det har dei i Os òg.

Eg er kjend med at det der har det vore tydelege tverrpolitiske vedtak frå personalutvalet om at kommunen SKAL tilby 100% stillingar, som òg har blitt følgt opp jamnleg gjennom debattar i kommunestyret. At vi ikkje har lukkast så godt med dette som vi har ynskt, skuldast ikkje manglande politisk engasjement. Leiarar og tilsette har også gjort mykje for å betra dette. Det er likevel slik at mange tilsette, særleg i typiske kvinnedominerte yrke, ynskjer å arbeida deltid. I tillegg er det mange andre faktorar som spelar inn, som t.d. stillingar på natt, helgevakter og studentar som kun kan arbeida deltid.

Vi skal likevel arbeida målretta med heiltidskultur også dei neste fire åra, og framleis pressa på for at administrasjonen føl opp dette.

Godt val!

Aud May Boge

2. kandidat, Bjørnafjorden Høgre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.