Lokal | 10. mai 2016

Bjørnafjorden kommunestyre – framleis blått fleirtal?

Sånn ville kommunestyret sett ut om Os, Fusa og Tysnes var slått saman før valet i 2015. Men kven hadde blitt ordførar?

Bjørnafjorden kommunestyre – framleis blått fleirtal?
Slik hadde samansetninga i Bjørnafjorden kommunestyret sett ut om ein legg valresultatet for 2015 til grunn (foto/ill: Andris Hamre/pollofpolls.no)
Andris Hamretirsdag 10. mai 2016 08:08

I intensjonsavtalen (ekstern lenke) som Os, Fusa og Tysnes har forhandla seg fram til seier dei også noko om kor mange representantar det skal vera i kommunestyret og i underutvala.

Blir 35 representantar i kommunestyret

Fusa og Tysnes har i dag 21 representantar, medan Os har 35, som også vil bli talet om dei tre kommunane slår seg saman.

Mykje kan skje politisk fram mot kommunevalet i 2019 og 1. januar 2020, som er datoen ei eventuell samanslåing skal tre i kraft, men legg vi til grunn valresultatet frå 2015 hadde kommunestyret blitt sjåande slik ut (talet på representantar for kvart parti):

Frp 11
Ap 8
H 5
Sp 3
V 2
MDG 2
Krf 2
TvS 2

Frp og H mister fleirtalet

Frp og Høgre ville altså ha mista det fleirtalet dei i dag har i Os kommune, då dei ville stå med 16 av 35 representantar og ville vera avhengig av støtte frå minst eitt av dei andre partia for å oppretthalde posisjonen med Terje Søviknes (Frp) som ordførar og Marie Bruarøy (H) som varaordførar.

Samstundes ser ein at dei to partia er involvert i leiinga i både Fusa og Tysnes. Fusa blir styrt av Ap sin Atle Kvåle, med Frp-mannen Magne Djuvik som varaordførar.

På Tysnes er det Høgre som har ordførarstolen med Kåre Martin Kleppe. Der gjekk Høgre i koallisjon med Frp og Sp etter valet, kor Kristin Kleppe frå Sp blei varaordførar.

Ser ein på formannskapet og dei øvrige underutvala vil ei mandatberekning basert på samansetninga i det nye kommunestyret gje Frp 4, Ap 3, H 1 og Sp 1 i kvart av underutvala. Dei andre partia ville ikkje bli representert utan ei politisk avtale mellom partia.

Fellesnemd

Om dei tre kommunane går for å slå seg saman 21. juni i sommar vil det bli oppretta ei fellesnemnd for Bjørnafjorden kommune som vil handsama detaljane i samanslåinga.

Denne vil bli satt saman med 7 representantar frå Os, 4 frå Fusa og 4 frå Tysnes.

Kommunestyra i kvar av dei tre kommunane skal oppnemne representantane til fellesnemda kjem det fram i intensjonsavtalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.