Lokal | 31. mai 2018

Bjørnafjorden KrF stifta i kveld

Her er det nye styret og den nye styreleiaren.

Bjørnafjorden KrF stifta i kveld
Dei 11 som deltok på stiftinga. Fire av dei seks i styret i fremste rekke, f.v.: Marte, Sigurd, Bjarte og Ernst Ove. (Privat bilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 31. mai 2018 21:06

Bildeserie:

Helge Olav Nygard, her på årsmøtet i vinter. (Foto: Jakob Enerhaug)
Helge Olav Nygard, her på årsmøtet i vinter. (Foto: Jakob Enerhaug)
1 av 1
Helge Olav Nygard, her på årsmøtet i vinter. (Foto: Jakob Enerhaug)

Dei ulike lokalpartia i Os og Fusa held på å slå seg saman inn mot kommunesamanslåinga 1. januar 2020.

I kveld var det KrF sin tur.

– I kveld la vi ned Os KrF og Fusa KrF, i tråd med vedtaka på årsmøta i vinter - og fekk formelt stifta Bjørnafjorden KrF, fortel Jakob Enerhaug.

Han fortel at det var lite spenning knytt til stiftinga, og om godt frammøte denne varme maikvelden, spesielt frå Fusa.

– Vi opplever dei som rause og veldig hyggelege å vera saman med.

Nygard er første leiar

Møtet blei halde i Os rådhus. Helge Olav Nygard, som ikkje hadde høve å delta i møtet, blei vald som leiar.

Med seg i styret har han Bjarte Samnøy (leiar i Fusa før det i kveld blei lagt ned), Marte Lamp (Fusa), Sigurd Risa Kalvenes (Os), Ernst Ove Indrebø (Fusa) og Ingvild Hallesby Evjedal (Os).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.