Godt oppmøte på stiftingmøtet til Bjørnafjorden SV i går. (Privat foto)

Bjørnafjorden SV blei stifta i går

– Os fekk sju nye medlemmar veka før vi slo oss saman med Fusa, fortel nyvalt leiar i nystifta lokalparti, Hege Bjørnør.

image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Torsdag kveld var Os SV og Fusa SV samla i Os folkebibliotek. Som andre lokalparti var tida moden å slå seg saman før valet og den komande kommunesamanslåinga.

– Vedtaket om å legga ned Os SV var samrøystes, men vemodig. Vi i SV er i utgangspunktet ikkje einig i kommunereforma, men når det først er vedtatt skal vi gjera det beste ut av det, seier Hege Bjørnør.

Ho fortel at det har kome sju nye medlemmar til Os åleine den siste veka.

– Enkelte fortel at dei, etter å ha sett pressekonferansen til den nye regjeringa, skrudde av TV-en og gjekk på nett for å melda seg inn.

Av bildet ser vi at tidlegare kommunestyrerepresentant for Os Sp, Ingrid Netland, no er medlem SV.

Bjørnør og Skibenes i leiinga

Lokallaga blei lagt ned og Bjørnafjorden SV blei stifta, heiter det, sjølv om det reint teknisk var Os SV som skifta namn.

– Vi hadde godt oppmøte, eg har aldri sett så mange på eit SV-møte i Os før. Det er mange som vil mykje, og vi fekk eit godt stiftingmøte.

Hege Bjørnør blei valt til leiar.

Her er resten av styret:
Birgitte Holmefjord Olsen Skibenes, nestleiar.
Craig Russell Lundervik Bøthun, sekretær.
Oddne Bjørnør Horg, kasserar.
Atle Fjelltveit, styremedlem.
Mette Holmefjord Olsen, styremedlem.
Asle Olsen, styremedlem.
Siv Søgnen Olsen, styremedlem.
Atle Anda, vara.

(Birgitte og Mette er mor og dotter, dei andre to Olsen-representantane er ikkje i slekt.)

Fleire saker