Vossingane Kari Traa og Arne Hjeltnes i full vigør på Bjørnafjordkonferansen i dag. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 

Bjørnafjordkonferansen er i gang

Bjørnafjord-ordførar Trine Lindborg stod for opninga - Kari Traa snakka om livet og korleis ho starta opp si eiga bedrift. 

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

For ei veke sidan kunne arrangørane fortelja at dei hadde seld nærare 240 billattar, men at dei håpte på å sjå 300 deltakarar på konferansen.

 Næringslivskonsulent i Os kommune, Jon Sivert Rykkel, fortalde då at konferansen truleg er den største av sitt slag i Bjørnafjord-regionen nokosinne.

– Hovudmålet med konferansen er auka samarbeid mellom næringslivet i regionen. Regionen vår er i stor endring, og endring  påverkar næringslivet. Med Bjørnafjordkonferansen ønskjer vi å bringa næringslivet tettare saman og skapa nye møteplassar som kan vera med å forma vekst og utvikling i regionen. 

I dag kan Marte Kristensen frå Fjordfolk AS opplysa at det no sit 270 delegatar i salen.

Samanlikna gründerverksemd med politikk

Konferansen starta friskt med to låtar frå Ole Reinert Berg-Olsen, òg kjend som ORBO. 

Etter ei kort innleiing frå dagens konferansier, Arne Hjeltnes, var det Bjørnafjorden kommune sin ordførar, Trine Lindborg, som fekk æra av å opna konferansen. 

Lindborg ønskte velkomen til det som er verdas første Bjørnfjord-konferanse, og ho trakk liner mellom hennar politiske prosjekt og det å vera ein gründar.

– Vi ønskte å selja inn ein ny politisk veg, og no har vi fått fire år på bevisa at denne ideen er god. Slik er det ofte for ein gründar òg - du har ein god idé, og denne har du jo sjølvsagt lyst å prøva ut. 

Lindborg sa vidare at ho tykte at temaet på årets konferanse var slåande bra.

– «Saman for vekst» er slåande likt det vi ønskjer å skapa og få til i den kommunen vi no snart skal jobba og bu i.

Livets tråd med Traa

Dagens første føredragshaldar var Kari Traa - kulekøyrardronninga frå Voss som gjekk vidare til å skapa sitt eige klesmerke, tufta på Voss og tradisjonar frå Voss.

Ei dørgande ærleg, vittig, og sjølvutleverande Traa tok publikum gjennom ei reise frå det å vera jente som var tidleg god på ski, til å no leia ei bedrift som i desse dagar omset for over 500 millionar kroner. 

– Eg har aldri hatt store draumar, men eg har alltid vore oppteken av å gjera dei tinga eg er glad i.

Traa tok òg publikum med på opplevinga av å enda opp i alle landets aviser med minimalt med klede på, ei kort tid før eit OL kor alle forventa at ho skulle humpa inn gullet i kulekøyring.

– Tenk korleis den pressekonferansen hadde blitt om eg vart nummer to eller tre, eller endå verre hamna utanfor pallen - alle ville jo sagt at den foto-shooten øydela oppkøyringa til OL!

Bjørnafjordkonferansen held fram med føredag frå Jannicke Hilland - osing og konsernsjef i BKK, Nina Broch Mathisen - direktør i Innovasjon Norge, Mons Ivar Mjelde og Ingebrigt Steen Jensen. 

Det vert òg sofaprat med lokale næringslivsleiarar, utdeling av Fjordfondet og deltakarane vil få eit innblikk i status for Lyseparken. 

 

Fleire saker