Lokal | 12. jan. 2017

Bjørnefjordsbrua

Lesarinnlegg: Heng klokkene på dei rette kattane!

Bjørnefjordsbrua
Erna Solberg i Os i samanheng med synfaring på Bjørnafjorden, og valkamp, i 2013. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. jan. 2017 07:24

Det var Erna Solberg (H) og Knut Arild Hareide (KrF) som på ein fergetur under valkampen i 2013 vedtok bygging av Bjørnefjordsbrua. Deretter fekk Statens vegvesen oppdraget med å planleggja brua.

Det har dei gjort, men har tydeleg falle for freistinga til også å delta i det politiske ordskiftet. Dette er ein ukultur som fagetatar bør unngå. Eg er såleis samd med Glenn Haugland, Nils Nøttsæter og gruppeleiarane i opposisjonen i deira kritikk.

I haust etterlyste Terje Søviknes meir openheit om bompengar. Eg er heilt samd, men det må også gjelda nye prosjekt som Bjørnefjordsbrua.

Eg har desse spørsmåla:
• Kva må ein på Tysnes betala for ein tur/retur til regionsenteret Osøyro?
• Kva har planlegginga av Bjørnefjordbrua kosta fram til no?
• Kor stort budsjett har SVV for planlegginga av Bjørnefjordsbrua?

Som skattebetalar krev eg svar på spørsmåla.

Sia 2013 har det kome nye og vesentlige moment som talar for indre lei.

• Samanslåing av Os og Fusa vil krevja ei bru over Fusafjorden.
• Hordaland fylkesting har foreslått å nytta den utbetra E-16 over Fillefjell som veg nr. 2 aust-vest. Dette bør frigjera midlar til bygging av Hordalandsdiagonalen frå Odda mot Bergen. Då får ein knytt E-134 og E-39 saman mykje nærare enn å måtta kryssa to bruer.

I ei tid kor inntektene til oljefondet sviktar bør ein kunna byggja etter ein enklare standard.

I Sverige har E-4 langs Bottenvika tre-felts veg. Og kvifor desse gigantprosjekta med bruer og undersjøiske tunnellar når det vi mest av alt treng er gul midtlinje på dei vegane vi har.

Jan Gaassand

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.