midtsiden

Bjørnen x 3

Andreas Bjørnen storspelte for Os 2 mot Valestrand i går. (SJÅ FILM)

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Valestrand Hjellvik er kjent for sine ivrige supportarar og for sitt Valestrand TV, og i går var heile sirkuset på plass for å få med seg 4. divisjonskampen på Kuventræ. Men det blei fort stille i mansesjen.

Os 2 tok leiinga i 4. minutt, Valestrand utlikna på straffe (som keeper Kjetil Hansen lagde) i 12. minutt og så skåra Os igjen i 25. og 33. minutt.

- Eg er veldig nøgd med denne kampen, spelarane var trufaste mot det vi planla før kamp og var gode både teknisk og i duellane. Spesielt i første omgang, då var det overkjøring, seier trenar Tore Nielsen.

Os leia 3-1 til pause og vann 5-1 mot laget på 3. plass på tabellen. Os 2 klatra til 4. plass med sigeren i går.

Bjørnen i storform
Andreas Bjørnen skåra mål nummer 1, 2 og 4 for Os 2.

- Det var veldig kjekt å sjå Andreas få slik uttelling. Han jobba godt og var på rett plass fleire gongar. Den tredje skåringa var litt spesiell. Då hadde Espen Kopperud nettopp kome innpå, og noko med det første han gjorde var å spela seg fri og gje ein målgjevande pasning til ein godt plassert Andreas. Det såg ut som om det var innøvd, seier Nielsen.

Dei to andre måla var det Christer og Tim som sto for.

- Spelarane tar andrelaget på alvor, det er slik det skal vera. Det var godt å ha med Andreas, Tim og Dani, og gøy både for oss trenarar og medspelarar å sjå at dei jobba heroisk også i ein 4. divisjonskamp.

Christian Almeland og Martin Eidsvik er også to som får skryt etter innsatsen sin i går.

Les om kampen minutt for minutt på vhfk.no.

Filmen frå kampen er i skrivande stund ikkje publisert, men om du følgjer med her, dukkar den nok snart opp.

Os 2 sitt lag: Kjetil Hansen, Baste Jonassen, Dani A. Bergstø, Per S. Merai, Mats Lepsøe, Martin Eidsvik, Christian Almeland, Erik Kanestrøm, Christer Olsen, Andreas Bjørnen og Tim Henrik Sperrevik.

Byte: Espen Kopperud for Olsen (68), Kristoffer Sande for Jonassen (75) og Espen Valvik for Eidsvik (75).

SJÅ TABELL

Os 2 sin siste kamp før sommarferien på bortebane mot Loddefjord sundag.

Fleire saker