Kultur | 14. juli 2014

– Blant dei fremste i landet

Unge stjerneskot på Oseana sundag. – Dei har allereie gjort seg bemerka i inn- og utland, fortel Astrid Heggland.

– Blant dei fremste i landet
Desse unge talenta frå Barrat-Due spelar i Oseana sundag (pressefoto: MusicaNord)
Andris Hamremåndag 14. juli 2014 20:47

Oseana og MusicaNord held fram samarbeidet om å arrangera kammerkonsertar i Griegsamlinga sundager i sommar.

– Dette er tredje sommaren vi har arrangamenta.

– Førstkomande sundag kjem nokre av dei framste unge musikarane vi har i Noreg, fortel marknadsansvarleg Astrid Heggland på Oseana.

Gjestar Oseana igjen

Dei unge stjerneskota Heggland siktar til er Sokono Miriam Welde (det er ho som er modell for Arne Mæland si statue som står i foajeen på Oseana, journ.mrk), Arvid Resare, Sverre Barrat-Due og Thormod Rønning Kvam.

–Det er stas å få vitjing av Sokono igjen. Ho var mellomanna med å opna Oseana saman med Arve Tellefsen.

– Saman med dei tre andre har ho gjort seg bemerka både i Noreg og utlandet, med prisar frå prestisjetunge konkurransar og konsertopptredner ved store konsertsalar rundt om i Europa, fortel Heggland.

Beethoven, Bach, Brahms og Grieg

Det er eit mangfaldig reportar dei unge musikarane vil presentera i Griegsamlinga sundag.

– Om du føretrekk Beethoven, Bach, Brahms eller Grieg så kan vi lova deg ein uforgløymeleg konsertoppleving.

– Det er eit variert program med alt får solostykker, til trioar og kvartett for fiolin, bratsj, cello og piano, avsluttar Heggland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.