Blått trøkk i Oseana
Bildeserie: Blåe bluestonar i to salar, men jazzistane i Washamba toppa alt.

Etter ein litt traurig fredag med litt lite folk tok det av på Osøren Jazz og Bluesfestival laurdag.
Godt med folk på cruisa, opp mot 600 tilhøyrarar på terrasse jam og matiné før huset fyltes med folk til sju konsertar på dei tre scenene.
Sjå klipp frå dei fleste artistane
Arrangørane hadde samla godbitane til laurdag med lokale Blue Notes Shuffle som første band på scena i Oseanasalen via Eric Slim Zahl & The Southwest Swingers og Vidar Busk & His True Believers til Vetrhus Bluesband.
Problemet for dei mange tilskoderane blei kva skal ein velga å høyre på, når gode band spelte på tre scenar samstundes.
Jazzen rula
Scena i foajeen var øyremerkt jazz. Først ut var Tone Linn Mjånes Quartet, før Washamba med osingen Bjørn Blomberg tok over.
- Dette var bra, fytti katta for eit trøkk, var ein av reaksjonen midtsiden.no fekk då vi passerte.
Og svingte gjorde det. Foajeen blei etterkvart full når folk oppdaga kva som bor i det rytmiske bandet.