Lokal | 20. juli 2018

– Blei dårleg då eg såg det

Kommunen ber foreldre og "nabokjerringa" halde auge med og sjekke leikeplassen før dei sender ungane dit.

– Blei dårleg då eg såg det
Dette bilete fekk Torunn Paus i kommunen tilsendt
Andris Hamrefredag 20. juli 2018 13:10

Torunn Paus er teamleiar eigedom på teknisk drift i Os kommune og har ansvaret for leikeplassane på dei kommunale eigedommane. Fredag fekk ho eit bilete tilsendt som gjorde ho skremt.

– Eg blei dårleg då eg såg det. Dette er ikkje ein unge som har gjort. Eg tenkjer med gru på kva som kunne ha skjedd om ein unge hadde vore uheldig der.

Treng "nabokjerringa"

Bilete kom frå leikeplassen ved Søre Øyane skule.

– Vi i kommunen har ikkje kapasitet til å reise rundt å sjekke alle leikeplassane no i ferien. Difor er vi heilt avhengige at osingane hjelper oss med å sjå til at alt er i orden på dei.

– Vi treng rett og slett den gode gamle nabokjerringa som held eit auge med at leikeplassen er trygg og at ungene til dømes ikkje leiker med fyrstikker. Det handlar rett og slett om å bry seg for ungane våre, seier Paus som òg oppmodar foreldra å bli med ungane til leikeplassen for å sjekka den før dei lar ungane helde på på eigenhand.

Populære leikeplassar

Kommunen har dei siste åra rusta opp ei rekkje av leikeplassane rundt i bygda.

– Dei har blitt veldig populære og er mykje brukt både av folk i nærområdet og av folk som kjem litt lengre frå. Det er kjempekjekt, men då må vi alle vera med å sjå til at dei er trygge og sikre for ungane våre, avsluttar Paus.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.