midtsiden

Blei Ibiza-forhandlar

Båtfamilien Drange ser fram til å starta sesongen med utvida repertoar, på Dra til Sjøs stiller dei nemleg ut som fylkets einaste Ibiza-forhandlar.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

− Det blei ein fin nyttårspresang, å få veta at vi fekk forhandlarstatus. Vi var fleire som kjempa om dette merket etter at førre forhandlar i Bergen la ned,  Ibiza er god norsk kvalitet, heilt i tråd med det vi har drive med sidan 1968, seier Arne K. Drange.

Sal, service og båtplass
Arne og kona Laila starta verkstad på Drange for 42 år sidan. Dei har nådd pensjonistalder, men er aktive i administrasjonen av selskapa A. K. Dranges Båtservice & Co og Motor-Drange AS i Bergen.

− Det har blitt to familiebedrifter, der dottera vår Jenny styrer butikken på Drange og sonen vår Arne Falk har kontroll på Motor-Drange. Dei to selskapa overlappar kvarandre fint, seier Arne senior.

Mesteparten av båt- og motorsalet skjer i butikken i C. Sundtsgate, på Drange er det verkstad, stor båthamn, vinterlagring, bunkring og utstilling og lager.

− Også på Drange har vi butikk, med båtutstyr og motorar for sal. I eige telt står nye båtar til utstilling, og all demokjøring, klargjering og levering skjer her.

Stabil
Drange har vore trufast mot motor- og båtmerke, Johnson, som er gått ut , og Evinrude, som framleis er i utvalet, saman med Suzuki, CumminsMercruiser og Mercury i butikken i Bergen.  With var første båtmerke, og blei verande hos Drange så lenge merket blei produsert i Noreg.

− Skibsplast var siste produsent som lagde With, og kommunikasjonen med fabrikken gjorde at vi også tok inn båtmerket frå Evje etter starten av Motor-Drange AS i 1988.

Med fleire bein å stå på har bedriftene heldt seg stødige i fleire tiår. Også gjennom finanskrisa, som ramma mange andre i båtbransjen hardt.

− Vi merka det litt på salet.  Men vi har hatt fullt belegg på verkstaden og få, om nokon, ledige plassar i båthamna. I tillegg  til 160 båtplassar i brygge har vi plass til cirka 100 på vinterlagring her på Drange.

Supplerer Skibsplast
Skibsplast har auka i storleik og har no modellar frå 18 til 23 fot. Ibiza sitt utval spenner frå 20 til 28 fot, om vi ser vekk frå jolla Ibiza junior.

− Nokre av modellane frå dei to fabrikkane er like i storleik, men stilen til Skibsplast og Ibiza er samstundes så ulik at vi trur dei vil supplera kvarandre på ein fin måte.

Dei første båtane frå Ibiza-fabrikken i Arendal har ikkje kome til Drange enno, dei kjem direkte til båtmessa Dra til Sjøs i Arenum før opninga 18. februar.

− Messa er ein viktig plass for oss og gjev ofte ein peikepinn på korleis sesongen blir. Med litt varsame tider i 2009 kan 2010 bli eit år der dei som sit for lenge på gjerdet kan bli sitjande på land sommaren gjennom. Lageret er lite hos fleire fabrikkar, så fleire forhandlarar risikerer å bli tidleg utselt i år, seier Arne K. Drange.

Fleire saker