Fjøra kjempar om å halda seg i divisjonen, og såg ut til å villa mest på Kuventræ i går. (Foto: KVB)

Blei for lett for Fjøra

Os tapte sesongens nest siste heimekamp.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os tok i går imot Fjøra til 23. serierunde. Fjøra vann berre 2 av sesongens 14 første serierundar, og tapte 0-4 for Os heime, men slo Vestfossen og Strømsgodset 2, og spelte 2-2 mot serieleiar Vard Haugesund, før dei i går kom til Kuventræ.

I går blei det ganske jamt i sjanseproduksjon, men gjestane sine sjansar var større, og utteljinga langt betre.

– Vi visste kva som venta oss, at dei er eit aggressivt, tettliggande lag. Planen var å ta ut kontringspunkta deira, men det var vi ikkje gode nok til. I tillegg slit vi framleis med å skåra på eit etablert forsvar, seier trenar Endre Brenne etter kamp.

Os - Vestfossen 0-3 (0-1)
Tropp og kampfakta på fotball.no

Fjøra tok det første initiativet, men rundt ti minutt ut i kampen blei Os det mest ballbesitjande laget. 0-1-skåringa på innlegg frå frispark i 15. minutt endra ikkje det spelemessige overtaket, og Os fekk pumpa på med innlegg, særleg frå Anders Havsgård og Marius Mikkelsen.

Kaptein Mikkelsen, som blei kåra til dagens Os-spelar, hadde både skot og heading over mål i begge omgangar, også Rafael Villén hadde skot rett over tverrliggar før og etter pause.

Ein av dei største sjansane før pause var ein dobbelsjanse der Steffen Kvamsdal heada retur av skot av Torgeir Lunde, men rett på keeper.

0-2 kom på kontring frå spiss vinkel, etter ein løpsduell Vegard Strønen Skeie såg ut til å ha full kontroll på, men det Malvin Gjerde akkurat rakk å skyta før Skeie sette inn støtet. 0-3 kom på kontring etter Os-corner. Os fekk kontroll på ballen igjen, men mista den på ei upresis pasning og Gjerde blei sendt på løp igjen.

Mats Cato Moldskred, som er småsjuk og starta på benken, hadde eit hardt skot minuttet etter at han kom innpå, men også dette var rett på keeper.

9 poeng over streken

Os ligg framleis på 8. plass etter gårsdagens tap, 9 poeng framfor Vestfossen, som har 4 kampar igjen.

Fjøra ligg rett over streken, og tok viktige poeng før dei rundar av sesongen mot Fana, Djerv 1919 og derby mot Sogndal 2.

Os har òg ein tøff innspurt, Stord borte, Vard Haugesund heime og Lysekloster borte i serieavsluttinga.

Vestfossen har fire kampar igjen. Dei går mot Strømsgodset 2, Sogndal 2, Brann 2 og botnlaget Valdres. Om Vestfossen vinn alle desse, treng Os éin siger til for å unngå nedrykk.

• Terminliste og tabell på fotball.no

Fleire saker