Sport | 23. sep. 2016

Blei løpt i senk

Handballdamene til os fekk det tøft på Stord. – I andre omgangen kontrar dei oss i senk, fortel Gitte Torp.

Blei løpt i senk
Vibeke Ingebrigtsen fekk det tøft bakerst i mål etterkvart som Stord kom på kontring etter kontring (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 23. sep. 2016 12:30

Os har fått ein god start på sesongen med siger over både Skrim og Vikersund. Torsdag kveld var det naboane i sør som sto på motsatt banehalvdel då damene tok ferja til Stord.

– Vi gjer ein grei første omgang og heng med, men er fire mål bak til pause, fortel assistent-trenar Gitte Torp.

Solid keeper

Torp fortel at det var spesielt keeper Siri Eide Børtveit i Stord-målet som blei utslagsgivande.

– Ho var i det umoglege hjørnet i går og redda mykje. I tillegg blei vi nok litt for dårlige i sjølve skota og skaut for enkelt når ho varta opp med den eine redninga etter den andre.

– Utover i andre omgangen får vi veldig mange mål mot oss på kontringar etter at Børtveit har redda. Etterkvart gir vi nok litt opp.

– Eg tykkjer vi gjer ein god jobb i etablert forsvar, så det er ikkje der det skortar, men vi møter rett og slett eit godt lag. Stord har fått mange nye spelarar denne sesongen og kjem til å bita godt frå seg i serien, trur Torp.

Stord - Os 33-17 (13-9)
Utv: Stord 2x2 min, Os 2x2 min
Os sitt lag: Madeleine Hjertnes, Gry Nummedal, Tonje Hjertnes Rykkel, Emilie Halhjem, Hilde Kristine Røttingen, Vibeke Ingebrigtsen, Elise Hjelle, Bente Mjanger, Liv Pauline Lunde, Thiet Dang, Mia Torp Nielsen

Neste kamp går neste torsdag mot Sotra.

– Då skal vi garantert reise oss, avsluttar Torp.

Sjå tabellen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.