Laurdag i 18.30-tida fekk politiet melding om ei trafikkulykke på E39 på Røykenes.
– Vi fekk først melding om kollisjon mellom to bilar, men så viste det seg at det var éin bil som hadde kjørt i autovernet, fortel politiførstebetjent Kenneth Rastad.
Førar av bilen som hamna i autovernet skal ha forklart at vedkomande blei pressa og hadde hamna i autovernet i sitt forsøk på å unngå kollisjon. Motparten skal berre ha kjørt vidare.
– Ein patrulje frå Fana stoppa den andre bilen. Førebels ser det ut som om dei to partane ordnar opp i dette saman med sine forsikringsselskap, at det ikkje blir oppretta ei politisak av det.
Ingen skal ha blitt skadd i ulykka.