midtsiden

Blei rundspelt

Etter to suverene sigrar blei det årsverste for Søre Neset på Fitjar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fitjar - Søre Neset: 1-7 (1-3)

Sundag reiste sørenesingane til Fitjar med elleve og ein halv mann, for å spela mot eit lag like bak dei på tabellen.

- Vi hadde med Morten Haugland som keeper, men han var skadd i ryggen så då steppa Håkon Straume inn allereie frå start. Men vi kan ikkje skulda på keeper, for Håkon sto godt, fortel Bjarte Arentzen.

Arentzen trenar laget saman med spelande trenar Frank Haugland. Då Haugland gav Søre Neset leiinga fem minutt ut i kampen, trudde dei på nok ein flott siger. Søre Neset skåra nemleg 15 mål til saman på dei to førre kampane.

- Men slik gjekk det ikkje. Fitjar skåra tre gongar før pause og vi klarte ikkje å setja sjansane.

Trøtt og varm
Ifølgje Arentzen hadde gjestane 6-7 sjansar før pause, medan Fitjar skåra på tre av sine fire sjansar.

- Vi gjekk ut i andre omgang og trudde vi skulle snu trenden, men blei gåande trøtte og varme på graset til Fitjar, medan dei auka til 7-1 før slutt. Vi hadde ingen innbytarar å hiva innpå, så det blei nok årsverste for oss i denne kampen, seier Bjarte.

Søre Neset har éin kamp igjen før sommarferien, heime mot Vadmyra 2 til helga.

- Kampen skulle gått sundag, men då har Vadmyra 2 problem med å stilla lag. Truleg blir kampen flytta til ein av dei andre dagane i helga.

SJÅ TABELL

Fleire saker