Sport | 15. okt. 2018

Blei seriemeister i går

Os/Nore Neset sitt nystarta 7-arlag sikra topplasseringa i nest siste runde.

Blei seriemeister i går
Denne gjengen reiste til Askøy og sikra seriemeisterskapen i 2. divisjon 7-ar. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. okt. 2018 06:46

Bildeserie:

Lagbilde frå tidlegare i sesongen.
Lagbilde frå tidlegare i sesongen.
1 av 1
Lagbilde frå tidlegare i sesongen.

Tidleg i januar blei det klart at Os Fotball ville stilla med to damelag i årets serie.

Førstelaget, som speler på full bane, har for lengst sikra opprykk til 3. divisjon. No har også andrelaget vist seg som best i si gruppe.

Med 4-1-siger borte over Apollo/Nordsiden-Askøy søndag har Os/Nore Neset 21 poeng på 9 kampar.

Slo seg saman

– Eg var veldig spent på om vi fekk nok spelarar til dette laget, men det gjekk overraskande bra, seier initiativtakar og lagleiar Jorunn Staverløkk.

At tidlegare Søre Neset, no Nore Neset 7-ar tromma saman for å starta opp igjen, men heller ikkje blei så mange, var redninga.

– Vi er jo samarbeidsklubbar frå før, så vi slo oss saman, trener både på Kuventræ og på Søre Neset kvar veke, og har blitt ei gruppe med godt miljø og samhald.

Sjuarlaget har stort sett vore åtte på trening, men har til kamp fått låna med seg eit par spelarar frå førstelaget.

Største siger? 33-0

Ingen kan ta igjen serieleiar, som avsluttar sesongen med heimekamp mot Kalandseid laurdag (kl 14).

Tabell og terminliste

Bortekampen mot Kalandseid enda heile 33-0 i serieleiaren sin favør.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.