Lokal | 07. mai 2014

– Blei slengt over bilen

I dag starta rettsaka mot bilføraren som kjørte på ein fotgjengar på Ulvenvegen i 2011.

– Blei slengt over bilen
Ulvenvegen etter ulykka 20. september 2011. (Foto: Midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. mai 2014 20:14

Tysdag 20. september 2011, i 11.20-tida, blei ein mann som gjekk tur med hunden til dottera påkjørt og alvorleg skadd av ein bil med fire ungdomar i.

Mannen overlevde, men fekk ein lang rehabiliteringsperiode og er i dag 75 prosent medisinsk invalid.

Bilføraren, som då var 18 år gamal, fekk førarkortet beslaglagt på staden, og blei seinare tiltalt for grov aktlause.

Onsdag starta rettsaka mot bilføraren, og ifølgja bistandsadvokaten til offeret skal det ha vore godt for han og familien å få høyra kva som skjedde.

– Først i dag føler de at de har fått et svar, sier Siren Preto til BT.no.

70 eller 100 km/t?

Ein av dei tre passasjerane i bilen skal ha fortalt at fotgjengaren blei truffen av fronten på bilen, hamna oppå panseret og blei slengt vidare over bilen.

Tiltalte nektar for å ha kjørt uaktsamt og hevdar ifølgje BT at han kjørte i 70 km/t. Dette er stadfesta av dei tre passasjerane.

Aktor meiner det kan bevisast at han kjørte i 100 km/t, og at han ikkje var aktsam.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.