Blei stille etter drapet
Drapssaka, dag 2: Den drapstiltalte 19-åringen brukte lite facebook og mobilsurfing i dagane etter drapet. - Påfallande, meiner politiekspert.
Andre dag i retten blei avslutta ved at politioverbetjent/-spesialist Jan Fretheim ved Hordaland politidistrikt gjorde greie for nettsurfing på den tiltalte 19-åringen sin mobiltelefon og bruk av tiltale sine facebookkontoar.
- Eg har undersøkt webloggen på tiltalte sin mobiltelefon som han hadde på seg då han blei pågripen.
- Undersøkingane går attende til 7. november i fjor, forklarte politispesialisten.
Han grupperte undersøkingane i tre hovudbolkar.
- I perioda 7/11-25/12 blei telefonen normalt brukt med surfing på facebook, youtube, spel og lignande.
- I ei femdagarsperiode frå 25/12 til 29/12 endra bruken seg. Mykje av surfinga var på pornosider, med særleg vekt på eldreporno.
- Etter dette blei det nær sagt stilt fram til 5/1 kor det er registrert 22 innslag med overvekt mot nyhender frå osdrapet.
- Du har undersøkt webloggen, men har telefonen vore i normal bruk i perioden? undra aktor Gert Johan Kjelby.
Politispesialisten stadfesta at det hadde det vore, med unntak av dei første dagane i januar.
Frå aktiv til stille
Det same funnet fann politispesialisten då han undersøkte tiltalte sin aktivitet på facebook.
- På ein relativt aktiv konto blei det heilt stille i 3-4 dagar etter nyttår. Deretter tok aktiviteten seg noko opp, forklarte Fretheim.
- Vil du seie at det var påfallande lavt aktivitetsnivå på drapsdagen og dagane etter, spurte aktor.
- Det var ingen trafikk, slo politispesialisten fast.
- Kan det vera virus?
TIltalte nekta i si forklaring måndag for at han hadde surfa på porno ved hjelp av mobilen, og i allefall at han aldri hadde surfa på eldreporno.
- Kan man få virus på ein mobiltelefon på same måte som ei datamaskin? undra forsvarar Rolf Knudsen.
- Ja, i teorien kan man nok det.
- Kan det skje på ein slik måte at ein òg nyttar nettet?
- Det kan ikkje eg svare på. Det må spesialister på fagområdet gjera.
Etter at retten var heva forklarte forsvararen at tiltalte også nekta for å ha surfa på dei nyhetssidene som politispesialisten skjedde frå 7. januar og utover.