Sport | 14. feb. 2011

Blei toppskårar i Tyskland

Åsne imponerte i tysk treningsturnering. I helga fekk ho stipend.

Blei toppskårar i Tyskland
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. feb. 2011 06:53

Debuten i Toppserien blei god for Åsne Takle Eide (16) frå Os. 18 seriekampar for A-laget Arna-Bjørnar, 12 av dei for start, 6 skåringar og signering av 3-årskontrakt.

Også oppkjøringa til årets sesong har vore god.

- Vi har hatt treningskampar mot Åsane og toppserieklubbane Sandviken og Klepp. Åsane slo vi med grei margin, dei to andre enda 1-1, fortel Åsne til Midtsiden.no.

Høgrevingen frå Os skåra ikkje i treningskampane på Vestlandet, men i innandørsturneringa World Class i Tyskland blei ho viktig for Arna-Bjørnar.

- Imponerande av Åsne
I World Class er det i utgangspunktet europeiske serievinnarar som kjempar mot kvarandre, men då det ikkje klaffa for Stabæk fekk Arna-Bjørnar, som hamna på 4. plass, ta turen.

- Vi har møtt nokre av dei beste laga i Europa. Det tok litt tid før vi hadde tilpassa oss nivået, men så kom sigrane, seier trenar Morten Kalvenes til Bygdanytt.

Etter nokre tap vann dei to kampar 2-1 og kampen mot Hamburger, som gjorde at dei tok 5. plass, 7-1 framfor 2000 på tribunen. Arna-Bjørnar sin toppskårar i turneringa var unge Åsne Takle Eide med tre skåringar.

- Det var imponerande å sjå korleis Åsne tok nivået i dette selskapet, seier Kalvenes.

Stipend, landslagsplass og treningsleir
I fjor spelte Åsne 9 kampar med jenter 16-landslaget (skåra 5 mål). Også i år er ho aktuell for aldersbestemt landslag.

- Neste helg reiser eg til England og Coventry for å spela to landskampar med J17-landslaget, fortel Åsne.

Kampane går 23. og 25. februar. Coventry er eit stykke frå Kuventræ, men Åsne fekk nyleg ekstra lommepengar til turen.

- Eg trur det er det første stipendet eg har mottat, seier det store fotballtalentet om dei 5000 kronene ho fekk laurdag.

Då blei Åsne saman med Jonas Grønner frå Brann tildelt stipend av Hordaland fotballkrets, eit stipend dei deler ut til talent mellom 14 og 18 år. Stipendet blei delt ut under HFK sitt landsmøte.

Om Åsne har litt igjen etter englandsturen kan ho ta dei med seg til Tyrkia i mars. Frå 12. til 19. mars skal ho på treningsleir med Arna-Bjørnar.

- I fjor blei det to turar til Danmark, i år blir det ei treningshelg heime og ei i varmen. Det blir veldig kjekt, eg er litt lei snø og is no, seier Åsne Takle Eide, som går i 1. klasse på Toppidrettsgymnaset på Tertnes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.