Lokal | 05. apr. 2017

Blei vist vekk av politiet

Tigging er ikkje forbode, men plagsam åtferd kan det bli politisak av.

Blei vist vekk av politiet
Politiet viste vekk tiggar frå Prix i Os sentrum. Personane på bildet har ikkje noko med saka å gjera. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. apr. 2017 09:45

Det har byrja å bli vår i lufta, og på godvêrsadagar som i går er det ofte fleire seljarar og tiggarar å sjå utanfor butikkar i Os.

– Litt før klokka 12 tysdag fekk vi melding om ein plagsam tiggar utanfor Coop Prix i Os sentrum, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite.

Ein patrulje rykte ut og viste vedkomande vekk, med pålegg om å halda seg vekke frå sentrum i 24 timar.

Kan oppretta sak

– Det er ikkje forbode å tigga, men i det dei byrjar å fotfølgja forbipasserande inn i butikkar eller til parkert bil, eller om dei er insisterande eller plagsame, så ka dei bli meldt for dette.

– Men då må vedkomande ta seg tid til både å ringa oss og å halda seg på staden til vi kjem, så vi får oppretta ein sak.

Respekterer ikkje butikkdrivarane

I 14.30-tida kom tilsvarande melding frå Plantasjen på Gudriflaten.

– Det som har gått litt igjen den siste tida, er at dei ikkje flyttar seg når butikksjefar vil visa dei vekk, det er først når politiet kjem til staden at dei fjernar seg.

Tatt for ulovleg bruk av mobil

Seinare tysdag ettermiddag møtte patruljen ein bilist som brukte handhalde mobil.

Dette var i Ulvenvegen klokka 18.20.

Vedkomande blei stoppa og fekk eit forelegg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.