Kultur | 10. nov. 2011

– Bli med på showkonsert!

LESARINNLEGG, Os Musikkforening: Bli med oss og Heine Totland å feira 110 år.

– Bli med på showkonsert!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. nov. 2011 10:31

Laurdag 12. november inviterer Os Musikkforening til ein forrykande showkonsert med gjestevokalist Heine Totland.

Les òg:
Slår på stortromma

Musikkforeningen vart stifta den 10. november 1901, og i samband med 110-årsjubileet vårt har vi invitert med oss fire gjestevokalistar. Foreningen har sidan 1929 hatt to avdelingar, og naturleg nok deltek både Janitsjaren og Stryken på jubileumskonserten vår.

Repertoaret vil innehalde velkjende klassikarar frå 70-talsheltar som Chicago, Stevie Wonder, Queen og ABBA.

I tillegg har vi forsterka rekkene med fullt band. 16-åringen Tore Hodneland frå Tysnes er allereie ein svært lovande gitarist, og saman med Anne Leni Søfteland Sæbø på tangentar, Terje Neset på bass og vår eigen Ørjan Gert Olsen på trommer, utgjer dei bandet.

Hovudvokalist denne kvelden er Heine Totland frå Bømlo.

Han er ein særdeles dyktig songar, og er kjend frå både konsertscena, teaterscena og frå fjernsynet. Han hausta strålande kritikkar for rollar i musikalane "Buddy Holly" og "Mamma Mia!". Vi gler oss stort til å få spele med han

I tillegg til Totland har vi også fått med oss Gina Aspenes, Eirik Søfteland og Anna Neset.

Aspenes er kjend for dei fleste osingar for si flotte stemmeprakt, men og for eit stort engasjement for det frivillige musikklivet i Os. Ho har fleire gonger sunge med bl.a. Orbo and The Longshots, seinast under platesleppkonserten deira på Oseana i september.

Eirik Søfteland har også ved fleire høve vist seg fram med ei stor stemme. Han er vokalist i King Calling, eit melodiøst hardrock band med inspirasjon frå 70- og 80-talet. Bandet deltok bl.a. på Rock’n Lol i sommar. Anna Neset har vi ved fleire høve høyrd som solist i musikalar i Fjellheim.

Patricia Langeland vil også delta med nokre av dansarane frå Os Kulturskule, noko vi gler oss over!

Denne kvelden blir vakker både for øyra og auga!

Det blir altså ein festkveld med både lokale og nasjonale stjerner på scenen i Oseanasalen, og med dirigent Rune Hannisdal i spissen gler vi oss stort til konsert i Os si nye storstove. Vi er overtydde om at programmet denne kvelden skal passe både solistane og musikarane godt, og lovar ei forrykande framsyning frå fyrste til siste tone!

Kom og bli med oss i feiringa i Oseanasalen laurdag ettermiddag frå klokka 18.

Os Musikkforening

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.