Kultur | 09. okt. 2012

Blir det folkefest igjen?

Hellbillies har halde to av dei største konsertane som har vore i Os. Korleis går det med oktoberfest og billettsalet til Hellbillies-konserten i Oseana fredag?

Blir det folkefest igjen?
Sånn såg det ut i Os sentrum sist Hellbillies spelte i bygda, i mai 2008. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 09. okt. 2012 12:17

Oktoberfest er blant dei store satsingane til Oseana denne hausten, med tett og breitt program og fleire store namn på plakaten.

– Vi starta med Anja Elena for ungdomen fredag. Sjølv om bilettane var billige klarte vi dessverre ikkje å nå ut til ungdomen, her kom det veldig få, seier Janne Mari Hjelle ved Oseana.

Men laurdagens ølstove blei godt besøkt med over 350 feststemte deltakarar, fleire av dei uniformerte i ekte lederhosen.

– Dette blei ein veldig kjekk kveld, og vi fekk fleire tips om korleis vi kan laga endå betre oktoberfest om dette kjem på programmet igjen neste år eller seinare.

Vidar Johnsen i kveld - Hellbillies på fredag

Kulturhuset sparer ikkje på krutet i resten av haustferien heller, i kveld speler tidlegare Vamp-vokalist Vidar Johnsen for klubbrigga Oseanasal med bord og sitjeplassar.

Fredag blir det flatt golv, konsert og dans med Hellbillies.

– Vi veit ikkje heilt kva vi skal venta oss av fredagen. Vi lurte ei stund på om heile Os er i Syden i haustferien, for billettsalet gjekk tregt i starten.

– Men no har vi selt nokre hundre billettar, så fest blir det uansett. Men vi har plass til over 1000 og Hellbillies har rykte på seg å selja mykje i døra.

2 x 1000 i Os

Hellbillies spelte den første av dei store Vårslepp-konsertane som var i Os frå midten til slutten på 2000-talet.

Då kom det folk rekande med båtar over fjorden og det samla seg over 1000 tilhøyrarar både i 2006 og i 2008.

– Med slageren "Den finaste eg veit" og låtar frå plata som kjem i november reknar vi med at interessa er stor, så får vi sjå kor mange det er som tar festen på sparket fredag, eller som løyser billett no i innspurten, seier Janne Mari spent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.