– Blir ei rasande kjekk helg
Nisser, peparkakebygd, oselvar, kor, korps, utstilling, juleverkstad og -marknad skal fylle Osøyro.
Laurdag 9. og søndag 10. desember inviterer Os sentrum, kultureininga i Os kommune og Os kyrkjelyd igjen til julemarknadsdagar på Osøyro.
– Det kjem til å bli ei rasande kjekk helg, strålte arrangørane då dei inviterte lokalmedia til pressekonferanse i Borgstova onsdag ettermiddag.
I arrangementskomiteen sit William Lindborg frå Os sentrum, Gro Helen B. Skjælaaen frå Os kyrkjelyd, Christian Breistein frå Os kulturskule, Stine Kobbeltveit, Kjetil Osablod Grønvigh, Øyvind Gjerde og Kristin Vangsnes Bøe frå kultureininga i Os kommune.
Populært nissetreff
Valet av stad for pressekonferanse, nemleg eitt av dei eldste husa i Os, Borgstova, er ikkje tilfeldig.
– Her blir det tradisjonen tru moglegheiten for å treffa nissefar og nissemor. I fjor var pågangen så stor, at vi i år har vald å utvida opningstida til frå klokka 10-18 laurdag og klokka 14-18 søndagen. Tilbakemeldingane frå tidlegare år er at dette er eit særs populært innslag, fortel Øyvind Gjerde og Kristin Vangsnes Bøe.
Kulturskulen med for første gang
Eitt av dei nye innslaga under årets julemarknadsdagar er kulturskulen.
– Vi kom inn for eit par møter sidan. Vi inviterte oss sjølv med, fortel Christian Breistein.
Søndag klokka 13 stiller nemleg 70-90 elevar frå kulturskulen og held konsert i Tunet Kyrkje og kultursenter.
– Det blir ein kombinasjon av høg sjarmfaktor og høgt musikalsk nivå. Alt frå musikkbarnehagen til dei mest røynde instrumentelevane våre kjem til å vera med.
– I tillegg presenterer vi for første gang noko av det klassane for visuelle kunstfag har produsert. Det skjer laurdag ettermiddag i og utanfor lokala til S. Tvedt. Grunnen til at vi tek det på ettermiddagen er at dei blant anna skal stilla ut lysinstallasjonar, og då må vi få den rette stemninga.
Oselvarverkstaden er med
Eit anna nytt innslag er Oselvarverkstaden som held ope hus laurdagen.
– Også der blir det aktivitetar for born frå 12 til 17, så i år blir det fullt trøkk på heile Osøyro, seier William Lindborg og ser på Gro Helen B. Skjælaaen frå kyrkja.
– Ja for hos oss blir det julegåveverkstad inne på Tunet frå klokka 10 til 16. Der kan born med følgje komma og laga julegåver av ulike gjenbruksmaterialer og andre ting, få pakka det inn og ta med heim.
– Vi kjem også, slik som vi har gjort dei siste tre åra til å montera opp julekrybba i vindauget. Ute på kyrkjeflaten vil speidarane ha eindel aktiviteter og vi set opp ein lavvo kor det blir lest julefortellingar fire ganger i løpet av dagen, seier Skjælaaen.
Marknad med musikk og song
Rundt torget på Øyro blir det marknad med eit vel av utstillarar og kulturelle innslag ulike stadar til ulike tider.
– Eit kor frå kyrkja og Lyshornet brass kjem til å synga og spela "pop-up-konsertar" rundt i sentrum. Kor dei dukkar opp er det ingen som veit, men eg skal forsøke å koordinera det slik at folk kan få med seg alt, smiler Osablod Grønvigh.
– Når det gjeld sjølve marknaden så blir det i telt rundt torget kor torghandlarane stiller med sine ting. Vi har allereie mange lokale påmeldte. Det blir håndarbeid og lokalproduserte varer frå Os, Fusa og Bergensområdet. Det som er ekstra kjekt er at det er mange som har lyst å stilla ut og at det er mange som har lyst til å komma tilbake, seier William Lindborg.
Peparkakebygda tilbake
Tilbake er også peparkakebygda, men med ny plassering.
– Den blir i lokala til S. Tveit. Utstillinga opnar laurdag 9. desember. Fristen til å levera bidraga sine til Nordisk Rom er torsdag 7. desember, slik at vi rekk å få utstillinga på plass.
– Invitasjonen har allereie gått ut til skular og barnehager, men vi håper sjølvsagt at familiar, lag og organisasjoner og verksemder har lyst til å baka også. Vi ønskjer oss signalbygga frå Bjørnafjorden. Kanskje vi får ei ferje eller bru mellom Os og Fusa som vi kan stille ut også. Vi prøver å fyre opp næringslivet, smiler Lindborg og utfordrar dei lokale mediene på strak arm, til litt lunken mottaking.
Rom for fleire
Om det er fleire lag, organisasjonar eller utstillarar som ønskjer å bidra med aktiviteter under julemarknadsdagene er det berre å ta kontakt med komiteen.
– Det er rom for fleire. Får vår del handlar det om liv på Øyro, avsluttar komiteen.