Blir fotgjengar
etter å ha sust gjennom Masfjordtunnelen i 131 km/t.
I Nordhordaland tingrett måndag blei ein osing i byrjinga av 30-åra dømt for brot på vegtrafikklova etter å ha blitt målt til 131 km/t i 80-sone i Masfjordtunnelen tidlegare i vår.
Osingen ga ei uforbehalden tilståing i retten. Retten finn det skjerpande at han hadde med seg sambuar og born i bilen då han blei stogga av politiet som hadde lagt seg på hjul.
Han blei dømt til 36 timars samfunnstraff og mistar lappen i åtte månader. Før han kan få attende førarkortet lyt han opp til ny delvis førarprøve.
Prøvde å kjøyra frå medtrafikkant
Ein anna osing, også i byrjinga av 30-åra, blei i slutten av mai dømt til 7 månader utan lappen og 5000 kroner i forelegg.
Han blei stoppa i ein laserkontroll på E16 austom Voss då han kjøyrde i 93 km/t i 60-sona.
I retten forklarte mannen at han freista å komma unna ein litt hissig medtrafikant som han hadde kjøyrd forbi tidlegare, og at det var det som gjorde at han ikkje fekk med seg at han kom inn i ei 60-sone.
Retten meinte han hadde andre alternativ enn å freista å kjøyre frå medtrafikanten, og fann ikkje at nødrettbestemmelsane i Vegtrafikklova kunne brukast.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.