Sport | 12. juli 2009

Blir i Konnerud

Geir André har vore i dialog med Åsane, men har ikkje planar om å flytta vestover eller byta klubb.

Blir i Konnerud
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 12. juli 2009 18:46

Laurdag skreiv Bergensavisen at Åsane forsterka laget med tidlegare Os-spelar Geir André Bøyum.

- Det er ikkje rett. Eg blir buande i Drammen fram til neste sommar, og kjem til å halda fram med å spela for Konnerud, seier Geir André til midtsiden.no sundag.

Ifølgje BA reknar Åsane med Bøyum ut året og heile neste år, dei håpar i tillegg på å ha Bøyum med mot Nest-Sotra neste helg.

- Eg har snakka med Bjørndal, men berre på telefon, vi har ikkje skrive avtale.

- Men kvifor trur Åsane at dei har ein avtale med deg?

- Det veit eg ikkje. Vi har så vidt drøfta vilkår, men grunna skule bli eg verande i Drammen eit år til.

- Kva har fått deg til å vurdera Åsane?

- Dei har kontakta meg fleire gongar, det verkar som om dei satsar veldig. Og så kjenner eg fleire av spelarane, seier Geir André.

Avtale med Os
Konnerud har kontrakt med Bøyum, men avtalen dei gjorde med Os under overgangen i fjor var at Os har forhandlingsrett med ein eventuell tredjeklubb. Uansett divisjon, så lenge det gjeld amatørkontrakt.

- Vi har snakka med leiinga i både Konnerud og Åsane etter oppslaget i går. Konnerud har ikkje gløymt avtalen vi har, men Åsane kjente ikkje til den, fortel Os sin oppmann Arne Hitland.

Bøyum skulle i utgangspunktet spela for Os heile denne sesongen, men var berre heime ein tur i mars på trening. Då fekk han med seg nokre treningskampar, men han stilte ikkje opp på treningsleiren på Kypros i påsken.

Så bestemte han seg for å ta vårsesongen for Konnerud, for å flytta heim til Os og a-laget til sommaren. Han fekk jobb i Ulvenvatnet barnehage, som opna i juni, ein jobb han sa opp då han bestemte seg for å bli buande i Drammen eit år til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.