Lokal | 27. aug. 2018

Blir langtidsparkering

Den midlertidige parkeringsplassen ved brannstasjonen kan no nyttast i fleire timar samanhengande.

Blir langtidsparkering
Tomta før den blei parkeringsplass. Etter 3. august har den vore flittig brukt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. aug. 2018 11:16

Fredag 3. august blei tomta etter Circle-K opna som midlertidig parkeringsplass.

Det skal byggast parkeringshus på tomta, og den skal vera riggplass for riving av gamle Os brannstasjon.

– Vi ser at plassen har blitt mykje brukt, og det er positvt. Det ser ut som om denne avlastar sentrumskjerna, at det er fleire ledige plassar til kundar og andre på korttidsbesøk, seier ordførar Marie Lunde Bruarøy.

– Til no har den midlertidige parkeringsplassen vore 3-timarsparkering, men dette vil vi utvida.

Tida blir utvida frå 3 til 9 timar.

– Det betyr at både pendlarar, dei som jobbar i Os sentrum og, naturlegvis, dei som har kortare ærend på Øyro, er velkomne til å bruka plassen gratis.

Dette gjeld fram til det blir byggeaktivitet på tomta.

– Kor lenge vil dette vara?

– Tomta blir parkeringsplass utover hausten, og når brannstasjonen skal rivast er det berre delar av tomta som blir riggplass, resten held fram som midlertidig parkeringsplass, seier Bruarøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.