Næringsliv | 15. sep. 2015

Blir Noregs første ballong-boutique

Lille Ballong fekk vitjing av ein av verdas største ballong-produsentar.

Blir Noregs første ballong-boutique
Debbie Magill (til høgre) viser Olaug Gjelsvik og dei andre tilsette ulike dekorasjonar. (Foto: KML)
Kari M. Lyssandtirsdag 15. sep. 2015 13:43

Bildeserie:

Henning Heimdal og Petter Vabog diskuterer korleis boutiquen skal bli. (Foto: KML)
Henning Heimdal og Petter Vabog diskuterer korleis boutiquen skal bli. (Foto: KML)
Denne utstillinga blir ein "Qualatex-vegg" (Foto: KML)
Denne utstillinga blir ein "Qualatex-vegg" (Foto: KML)
Lille Ballong har det meste du kan tenka deg av ballongar. (Foto: KML)
Lille Ballong har det meste du kan tenka deg av ballongar. (Foto: KML)
Etter at Lille Ballong fekk vatnlekkasje har lageret no blitt fiksa opp at og alt er på hyller eller i vatnsikre boksar. (Foto:KML)
Etter at Lille Ballong fekk vatnlekkasje har lageret no blitt fiksa opp at og alt er på hyller eller i vatnsikre boksar. (Foto:KML)
Koppar og fat i alle fargar. (Foto: KML)
Koppar og fat i alle fargar. (Foto: KML)
– Bursdagsrommet skulle vore meir brukt, kjenner Heimdal. (Foto: KML)
– Bursdagsrommet skulle vore meir brukt, kjenner Heimdal. (Foto: KML)
1 av 6

Tysdag fekk Lille Ballong besøk av representantar frå Pioneer Europe og Ballongbutikken. Dei vil gjera Os-bedrifta til Noregs første «Qualatex Balloon Boutique». Pioneer Balloon Company, som Pioneer Europe er ein del av, er ein av verdas leiande innan produksjon av ballongar, med merket Qualatex.

– Det var Petter Vabog som tipsa oss om at Lille Ballong var ein bra stad å starta her i Noreg, fortel Debbie Magill frå Pioneer Europe, som produserer Qualatex-ballongane.

Storleiken på lokalet og utstillingsområdet gjorde at Magill tok turen frå England til Os for å møta Henning Heimdal og kona Olaug Gjelsvik frå Lille Ballong.

– Som boutique er vi ute etter eit opplegg der dei får vist fram ballongane på ein fin måte, og å stilla ut ei bok der kundane får eit betre inntrykk av korleis dei ulike dekorasjonane vil sjå ut.

- Ein fantastisk butikk

Som «Qualatex balloon boutique» vil dei tilsette blant anna få opplæring og må gjennom ein eksamen for å bli godkjent. Dei vil òg motta utstyr som plakatar og "flyers".

I England har dei over hundre slike boutiqar, og også fleire andre stadar i Europa.

– Vi merkar ein aukande marknad for ballongar dei siste åra i Europa, også her i Noreg.

– Lille Ballong er ein fantastisk butikk, eg blei så glad då eg kom inn og såg rett på det store utvalet av ballongar dei har her, fortel Magill entusiastisk.

No har det byrja å ta av

Petter Vabog driv Ballongbutikken som er distributør av Qualatex i Noreg. Han held til i Sandefjord, og er ein Heimdal har hatt mykje kontakt med sidan starten av Lille Ballong i august 2014.

– Eg har halde på med ballongar i 26 år, men det er først dei siste åra at eg har merka at det har byrja å ta av i Noreg, fortel Vabog.

Det ikkje er mange liknande butikkar i landet, rundt 10-15 stykker, men no byrjar folk å forstå alt ein kan laga av ballongar.

– Lille Ballong er ein kjempefin butikk, og det unike med ein slik butikk er jo at dei kan laga det du vil ha på bestilling.

Kundar frå Stavanger til Sogn

Heimdal kjenner no at ting fell meir på plass etter litt over eit år som butikkeigar.

– No rullar ting meir og meir av seg sjølv, vi har jamt med folk innom og har ekspandert meir enn vi hadde trudd på så kort tid.

Bursdagar, bryllaup, barnedåp og baby-showers er det det går mest i.

– Kundane kjem heilt frå Stavanger og Sogn og tilbakemeldingane har vore veldig gode.

– Det at Vabog og Magill kjem her gjer oss den ekstra hjelpa til å få butikken best mogleg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.