Blir ofra onsdag
Den over 60 år gamle kafeen i Mobergsvikjo må vika for det komande kunst- og kultursenteret på Mobergsneset. Onsdag ettermiddag tenner brannvesenet på.


I 1947 kjøpte grunneigar Lars Moberg tyske brakker frå Ulven og plasserte på Mobergsneset, og vips: Os hadde fått ein in-stad for alle som sette pris på sjøbad, god utsikt eller begge delar.
- Lars dreiv kafeen heilt til han døydde i oktober 1992, fortel nevø og arving Bjørn Moberg.
Kafeen blei drive vidare av ulike andre leigetakarar heilt fram til utestaden Publik la ned i 2005.
- Etter dette tok eg meg ikkje bry med å pussa opp. Så kom dialogen med Os Sjøfront, og no har bygget for lengst gjort sin misjon, seier Bjørn.
Onsdag klokka 16 startar brannvesenet med nedbrenning av bygget.
- Vi har øving i minst ein time før vi brenner det ned. Seks røykdykkarar og to nye brannbetjentar blir med på øvinga, seier brannsjef Stein Gjøsund.
Moberg har sikra seg skiferen som låg på taket, noko særleg anna av verdi var det ikkje i bygget.
- Vi er glade for at vindauga står igjen, for øvinga sin del, seier Gjøsund.