Blir sjef i Austevoll
Kuventræ-rektor Per Olav Sørås blir likevel ikkje rektor på den nye ungdomsskulen som er under bygging på Nore Neset.
Per Olav Sørås fekk ny jobb fredag. I første kvartal neste år byrjar han i stillinga som kommunalsjef i Austevoll kommune.
– Eg går frå ein skule der eg stortrivst. I tillegg til jobben min på Kuventræ er eg takksam for at eg har fått vore med på den gode og spennande prosessen med planlegginga av ny ungdomsskule, seier Sørås.
– Men eg fekk høyra at stillinga i Austevoll skulle bli ledig, og eg har lyst til å prøva noko anna enn å vera rektor, seier 54-åringen.
Fartstid som rettleiar for andre skular
Sørås har, ved sidan av å vera rektor i 12 år, i fleire år vore del av eit korps oppretta av Utdanningsdirektoratet for å rettleia ulike skular i Noreg.
Les òg: Korleis driva god skule
– Eg er opptatt av gode læringsmiljø og systematisk jobbing innan erfaringsutveksling og det å gjera kvarandre gode. Lærarar kan få utfordringar, og det kan vera tilfeldig kven som får dei, og då er det viktig å ha nokon rundt seg som kan støtta.
– Når det kjem til læringsmiljø er kanskje dette med disiplin litt gamaldags å snakka om, men om du løyser konfliktar med éin gong, og har eit system for korleis du handterer problem, så får elevane eit betre miljø å læra i.
No er han klar for fulltidsstilling eitt nivå opp, der han får driva meir med strategi og det å forma gode skular.
– Glad vi har hatt han med
Kommunalsjef for oppvekst og kultur i Os, Ingvar Torsvik, seier han er glad for at han har hatt Sørås med i planlegginga av den nye ungdomsskulen.
– Han har gjort ein svært god jobb på Kuventræ skule og han er dyktig på dette med å kjøra gode prosessar.
– Vi er veldig nøgd med at vi har fått brukt han no i planlegginga av ny skule. Når vi no set opp ei ny leiargruppe tar vi mange av tankane hans med oss, og sjølv ser eg fram til å treffa han i regionsrådet, seier Torsvik, som sjølv er leiar får rådet.
Sjølv synes Sørås at prosessen med ny skule, der ei gruppe frå kommunen har vore med frå start, har vore veldig god.
Pendlar fire dagar i veka
Sørås var i intervju for cirka ei veke sidan og fekk fredag muntleg beskjed om at han får jobben.
– Dei vil at eg skal starta 1. februar, men vi får sjå korleis det passar med det å runda av på Kuventræ. Kanskje blir det litt seinare i februar.
Per Olav blir buande i Os go skal pendla til Austevoll fire dagar i veka. Den femte får han heimekontor.
Han overtar kommunalsjefstillinga etter Liv Østervold. Austevoll kommune har seks skular på grunnskulenivå. Sørås får kanskje også ansvar for barnehagar og andre tenester relatert til oppvekst.
– Austevoll er ein spennande kommune og eg ser fram til å jobba tett saman med rådmann og den andre kommunalsjefen, og, ikkje minst, med rektorane ved skulane i øykommunen.
– Eg har blant anna vore i Austevoll og hatt foredrag, og kjenner fleire frå skulane frå før, seier Per Olav Sørås.